Publisert 29.10.07 av Ulrika Staugaard
Broken Column er eit kunstprosjekt som består av 23 jernskulpturar spreidde utover Stavanger. For ein nærmare omtale av prosjektet, sjå Jonny Aspens artikkel her på kryss. I forlenging av prosjektet har Jan Inge Reilstad gitt ut boka Broken Column – Byen + kunsten. Boka gir eit innsyn i prosessen rundt prosjektet og ser på dei kunstnariske og urbane kvalitetane i verket. Bidragsytarar er mellom anna Kjartan Fløgstad, Trond Borgen, Stephen Bann og Siri Meyer.