Hva er kryssHva er kulturplanleggingHvordan jobbe med kulturplanleggingHva er gjortHva er blitt tenkt
Kryss logo

Kryss

Kulturplanlegging

Etterlyser planlegging for mangfald

Publisert 19.10.07 av Ulrika Staugaard

– Norsk byplanlegging er basert på ei statisk oppfatning av kva som er stygt, fint, riktig og gale. Denne oppfatninga treng å bli utfordra!

Det seier urbanist og arkitekt Andreas Vaa Bermann i Acona Technopole AS, eit plan- og arkitektkontor. Han var prosjektleiar for Norsk Planmøte 2006 i regi av Norsk Bolig- og Byplanforening, der utfordringane for bustad- og byplanlegginga i eit mangfaldig samfunn stod på dagsordenen.

– Eg trur ikkje fleirtalet av norske tettstader ønskjer fleirkulturell påverknad i by- og tettstadplanlegginga. Spørsmålet mitt er om det blir tenkt for tradisjonelt i planlegginga når det gjeld endringane i demografi, seier Vaa Bermann som skal starte arbeidet med ei masteroppgåve basert på erfaringar og tema frå planmøtet.

Mangfaldige Noreg

Innvandring pregar det norske bybiletet. Sidan 1970 er innvandrarbefolkninga meir enn seksdobla. På starten av 1900-talet var delen vestlege og ikkje-vestlege innvandrarar omtrent like, mens tre av fire personar i innvandrarbefolkninga i dag har ikkje-vestleg bakgrunn. Ved inngangen til 2006 stod innvandrarbefolkninga for 8,3 prosent av heile befolkninga.

– Vi bør ta innover oss at det norske samfunnet blir meir mangfaldig. No har vi moglegheit til å planleggje for ei slik røynd, framfor å møte det som eit problem om tjue år, seier Vaa Bermann og etterlyser ein meir reflektert debatt om moglegheita arkitekturen har til å innverke på bymiljøet, og om krava til utforming av bumiljø i framtida.

– Dei fleste eigedomsutviklarane har endå ikkje vurdert alternative bustadmønster, som å byggje leilegheiter for storfamilien eller andre familiekulturar enn den tradisjonelle norske. Denne debatten vil sannsynlegvis komme først når marknadspresset på bustader har gitt seg. Det er ikkje sikkert at alle skal ha to rom og kjøkken i framtida, påpeiker Vaa Bermann.

Arkitekten understrekar òg ansvaret byplanleggjarar har i samanheng med migrasjon: Dei kan påverke samfunnsendringane, både i retning av inkludering og i retning av ekskludering av ulike grupper. Vaa Bermann peiker på tre tiltak som kan medverke til at mangfaldet blir teke vare på:

– Det er gjennom medverknad at nye innflyttarar frå Volda eller Karachi har innverknad på byutviklinga, påpeiker urbanisten.

Dårlege framtidsutsikter

Eit omdiskutert bygg er det Olav Thon-åtte kjøpesenteret Grønland Basar i Oslo, marknadsført som ”Oslos mest eksotiske kjøpesenter” i hjartet av Grønlands fleirkulturelle smeltedigel. Senteret har ein eksotisk fasade med mosaikkfliser og Austen-inspirasjon i den arkitektoniske utforminga.

– Det er eit tradisjonelt kommersielt kjøpesenter som er utforma med referanse til andre kulturar, men kanskje plassert på feil stad. Men min påstand er at det blir ein parodi på ein spesiell fleirkulturell møteplass. Det endar med berre å vere ein kopi av eit arkitektonisk uttrykk frå ein annan kultur, seier Vaa Bermann.

– Moglegheitene til å lykkast med ei utvikling som tek vare på mangfaldet i norske byar og tettstader, er dårlege. Noreg er for restriktive med integrasjonspolitikken når det gjeld byplanlegging og utviklinga av det pluralistiske samfunnet. Vi treng langt fleire innvandrarar enn 8 prosent. Delen er for liten til å bli teken så alvorleg som han burde blitt, og gi det mangfaldet mange ønskjer, seier urbanisten.

Tekst: Stine Vikesland for kryss.no

Relatert